…forhåpentlegvis.
Eg fekk ikkje så mykje tid til overs som eg hadde håpa på. Meen eg stresshandla bittelitt og no trur eg at eg har alt dekka, minus gåven til Nina.
Det er det same kvart år, og eg lærer aldri ! Føler meg som verdas verste storesøster, for eg vil jo eigentleg gi ho noko ho blir glad for og har lyst på. (åjåj, svensken snakka nettopp svensk i True Blood tøft !) Endar som regel med at eg kjøper eit eller anna crap på vetlejulafta…ehe, sorry Nina.
Eg skal jobba ettermiddag på julafta uansett, så eg får vel ikkje med meg noko. Det er berre å seia takk og farvel til håpet om å få julestemning i år. Alle andre dagar i jula hadde eg ikkje brydd meg noko om, men akkurat julafta er jo spesiell. I fjor var eg langt ifrå nøgd med jula og var stort sett sur heile romjula, så i år ville eg gjera det skikkeleg, men neida. Formidag og natt hadde gått heilt fint, men sjølvsagt måtte eg få ettermiddag, det er jo berre typisk min flaks. Eg kan vel ikkje klaga heller, når eg først har fått meg jobb. Off…karma.
Eg har brukt all mi ledige tid på å stemma fram Kaizers i dag. No står det mellom Ompa til du dør og Majesty med Madrugada, og det er lov å stemma kor mange gonger ein vil ! Så eg stemmer kontinuerleg, heilt til i morgon. Tungt arbeid, men det er verdt det.
