I dag var det nok ein gong tid for å dra seg ut av senga frykteleg tidleg. Eg la meg halv elleve for å vera flink, eg var trøytt og eg sovna ! Men det hjalp jo fint lite at eg vakna att klokka eitt, og det var ikkje snakk om å få sova att. Så då vart eg liggande å stirra på at klokka nærma seg morgon.
Langkøyringen gjekk fint, faktisk, meir nøgd no enn sist gong. I Førde fekk eg 45 minutt fri, og optimistisk som eg er (he he) tenkte eg at eg skulle få gjort unna julegavehandelen. Ikkje hadde eg peiling på kva eg skulle kjøpa, og ikkje fekk eg nokre åpenbaringar medan eg trødde på sentera heller. Så i år (som i fjor (og året før det)) blir julegåvene relativt enkle…det er tanken som tel. Skal prøva å fiksa resten i morgon, då skal eg på sikkerheitskurs i Øvre, shoppingmekkaet over alle shoppingmekka. Det er jo faktisk straks jul ! Kjenner eg stressar no.
Åja ! Ein ting til, eg har fått meg jobb i ferien, så no må eg venna meg til å vera vaken i over 12 timar i døgnet. Det er hardt ! No er eg dautrøtt, lang dag, uten søvn, off. Nei, eg skal prøva å ikkje “ta ein liten lur”, som eg alltid gjer, så skal det nok bli orden på dette òg.
