Okei, NO er eg superhappy !!!
Vinjerock lanserte sin fyrste artist i går, og sjølv om det berre vart lansert ein artist, har eg bestemt meg for at eg skal på Vinjerock, ingen kan stoppa meg ! GÅTE skal nemleg spela, kan du tenka deg ei meir fantastisk konsertoppleving ? Neppe. Folk-rock i sjølvaste Jotunheimens ville landskap (håpar dei skal spela før det blir mørkt). Eg gler meg iallfall som ein liten unge akkurat no, plutseleg i superhumør, det er så godt å ha noko å gleda seg til. Og no gler eg meg til sommaren. Har ikkje lyst til å jobba då, vil ha tid til alt ! Blir kanskje ein tur til Storåsfestivalen òg, for sjølvsagt må jo Gåte spela i si eiga heimbygd når dei fyrst er i gong. Så har eg heilt sjukt lyst på Roskilde ! For der skal nemleg MUSE spela, det berre må eg ha med meg, ikkje snakk om noko anna. Vil ikkje reisa aleina då, joinar du ? Eg er veldig grei å ha med å gjera, eigentleg.
gaate.no og somewhere on flickr

