???
Innandørs hadde kanskje ikkje dette vore spesielt oppsiktsvekkande, julestjerner og orkidear i full blomst, men når det er snakk om utandørs er det litt anleis. Då eg kom heim i dag såg eg plutseleg nokre friske fargar i blomsterbedet (som eg alltid har vore så flink å luka i, hø hø), så eg stoppa opp litt, og ja, det blomstra. Riktignok berre èin blome då, og ein knopp på rosebuska, men herregud, det er desember ! Skal det ikkje vera frost og tele og det som verre er i jorda no da ? Men neida, årdalsblomane er hardføre dei, no er det faktisk akkurat 0 grader ute, men det har vore ganske mildt i det siste.
Rart, men ganske koseleg, eigentleg


