Det seier seg jo kanskje sjølv at når ein er van med 16 timar søvn kvar natt, og dagar som berre består av sofasitting og facebook, at det ikkje er verdas enklaste ting å stå opp før sju to dagar på rad.
I går var eg på glattkøyring og alarmen vart stilt til :

Noko som eg tykkjer er grueleg tidleg. Ikkje fekk eg sova heller, så etter fire timar med stirring i taket og kanskje ein time søvn, stod eg opp. Gjekk faktisk rimeleg bra, sjølv om alt går i super-slow-motion om morgonane rakk eg bussen fint og var i Sogndal til klokka halv åtte. Så bar det vidare til glattkøyringsbana utanfor Skei, eg køyrte og hadde ingen store problem. Sjølve glattkøyringa var…grei/kjedeleg. Køyrte nok ned eit par fotgjengarar og elgar, men det er jo meininga (hø hø).
Etter eg var ferdig hadde eg risikokurs, og var difor ikkje heime att før klokka halv ni. Og eg var heilt ferdig ! Hovudverk, så svolten at eg var kvalm, og så trøytt som eg aldri har vore før. (Eg plar aldri vera vaken i over tolv timar) Men eg kunne ikkje legga meg før eg hadde dusja og planlagt dagen i dag. Eg såg Greys anatomy på senga og la meg etterpå, og eg sov ! Har ikkje sovna so fort på leenge ! Vakna faktisk klokka fem og trudde eg hadde forsove meg sidan eg faktisk var utkvilt.
I dag var det langkøyring til Fagernes. Det gjekk litt så som så, er langt i frå nøgd med meg sjølv der. Eg såg ikkje innkøyring forbudt-skilt (såg det eine, men usjølvstendig som eg er, køyrte eg berre rett fram når ho ikkje sa noko anna). Så var det forbikøyringen som var ganske dårleg (byrja iallfall dårleg, så då gjekk ikkje resten bra heller). Det siste var farten min, som var litt sånn bob bob… (slapseføre, køyrte ikkje seint nok, men hadde null problem).
Alt i alt; misfornøgd ! Best å fokusera på det negative, det andre er det jo ikkje vits å bry seg med.
Då eg kom heim i dag klokka fem var eg jo dautrøytt igjen, og eg skulle ikkje sova, for då får eg ikkje sova att i natt. Eg kjempa tappert, dusja og holdt meg aktiv, men så la eg meg ned for å sjå handballkamp. Før eg ana ordet av det hadde eg sovna, vakna kvart på ti…flotte greier. Så no er eg vaken, ser på True Blood, og skal legga meg snaart, heia Jon Blund.

Eg har endeleg fått meg nattbord og nattbordslampa
Veit detta vart langt, sorry
Tek jo att for i går òg då, så eg er litt unnskyldt